Kundeklubb

No kan du bli kundeklubb-medlem hjå Mango Design. Les meir om tilbodet her, og klikk på "Registrer deg her!" for å registrera deg. Alltid rabatt, nyheiter, informasjon og spesielle tilbod kjem til alle som blir eit medlem av Mango kundeklubb. Me gler oss til å ha mykje og god kontakt i framtida.

 

Registrer deg her!



Minst 5% rabatt på nett - Alltid!

Som registrert kundeklubb-medlem hjå Mango Design er du alltid garantert minst 5 prosent rabatt på alt du kjøper på nett. For å bli kundeklubb-medlem må du registrere deg med namn, e-post og telefon. Då får du eigen konto på nettbutikken, der du får dine spesialprisar.

Bli med i vår kundeklubb

Me vil gjerne ha deg som medlem i vår kundeklubb. Det betyr at du alltid har ein fast rabatt på minst 5 prosent på alt du kjøpar på nett. I tillegg vil det vera kampanjar spesielt retta mot deg som kundeklubb-medlem. Du vil få informasjon og tips gjennom nyheitsbrev frå Mango Design. Me ønskjer også å invitera til visning av nye kolleksjonar når dei kjem og når korona-situasjonen gjer det mogleg. 


Registrer deg her!

Ved utfylt skjema - hugs å klikk "Create Account"


           

 

Tove sine tips om kle

Eit heilt yrkesaktivt liv har Tove brukt med klede, i Sogn. Ho kjenner kundane og bransjen. Ho har kontakt med leverandørar og bransjefolk. Alt dette får du glede av når du får tips frå Tove i nyheits- og tipsbrev. Det er godt å vera oppdatert.

 

Tilbod og trekning av gåver

Som kundeklubb-medlem vil du som kunde få spesielle tilbod. Frå tid til annan vil me òg ha trekning av gåver, gjerne knytt til ein lansering eller anna aktivitetar. Det er viktig for oss i Mango Design at du skal føle at det er godt å vera med som kundeklubb-kunde.

 

Tips om nyheiter

Som kundeklubb-medlem hjå Mango Design blir du jamleg oppdatert på nyheiter vi trur du set pris på. Nye kolleksjonar kjem stadig inn, og du vil vera blant dei fyrste som kan sjå det som kjem. Då kan du og sikra deg at dine favorittar framleis er der når du ønskjer det.

 

Me tek berekraft på alvor

Kle kan og bety mykje i arbeidet for eit betre miljø. Me får stadig fleire leverandørar som tek dette på alvor. Du finn flotte kle med høg grad av resirkulering av materiale. Det er òg typar materiale som er trefiber-basert, der leverandøren garanterar at det er frå sertifisert skogbruk som tek vare på det biologiske mangfaldet, omsyn til folk og dyreliv i området og skjer berekraftig.


Me tek personvern på alvor

Når du som kunde gjev oss kontakt-informasjon er det viktig at du kan vera trygg på at personvernet er teke på alvor. Mango Design har utarbeidd sin eigen personvern-strategi for å sikre deg som kunde og for å sikre at vi følgjer dei lover og reglar som gjeld for personvern. Du skal alltid vera trygg på at informasjon vi får av deg aldri vil bli misbrukt eller gjeve til nokon andre. (Nasjonale GDPR-lovar vert fulgt.)

 


Registrer deg her!



Mango Design AS 2021