Kjøpsvilkår


Å handle i nettbutikken er som i den fysiske butikken. Du finn det du ynskjer deg, legg det i handlekorga, går til betaling og ventar på at pakka kjem heim til deg. Sidan du ikkje har fått moglegheit til å prøva plagget har du 14-dagars angrerett der du får pengane tilbake om du likevel ikkje vil ha plagget. På denne sida går  me  gjennom korleis det er å handle på nett samt kva rettar og plikter du og butikken har ved handel på nett.

 

Netthandel

Å handle på nett er enkelt. Du går inn på nettbutikken og finn det du ser etter frå menyen på framsida. Når du finn produktet du vil kjøpe vel du størrelse, og trykkjer på "Legg i kurven". Det kan du gjere med så mange produkt du måtte ynskje. Når du er nøgd og vil sluttføra handelen, trykkjer du på "handlekurven din" øvst til høgre. Sjå at lista stemmer med det du vil ha, og trykk på "Til kassen".

BetalingI kassen vert det stadfesta kva du har kjøpt. Deretter kan du velja om du vil ha pakken tilsendt, eller hente den i butikk i Sogndal. Betaling skjer ved at du fyller ut informasjonen til høgre, og gir kortinformasjon, om du vil betala med ein gang. Du kan og trykkje på "Betal seinare" og velja mellom å betale med faktura om 14 dagar (utan gebyr) eller 45 dagar (29 kr gebyr). Same kva du vel - trykk so på den store "BETAL"-knappen nedst, og handelen vert sluttført. Du vil då få ei stadfesting på e-post. Du får ei ny stadfesting når pakken er sendt, med spore-nummer.

Betalingsoppfølging

Når du betalar eit produkt, er det i samarbeid med NETS – eit leiande firma på betalingsløysingar. Om du til dømes vel å utsetje betalinga eller ber om få faktura, eller anna, so er det ein avtale Mango Design ikkje er involvert i. All oppfølging av betalingar skjer frå NETS. Om det er feil knytt til ei betaling, må du kontakta deira kundeservice - tlf. 91508989.

Angrerett

Som kunde på nett har du alltid 14-dagers angrerett. Om du får eit plagg som ikkje passar eller ikkje er slik du trudde, fyller du ut returskjema og sender pakken attende til den adressa som er oppgidd. Det er viktig at plagg ikkje er brukt, og at merke/prislappar på vara ikkje er fjerna. Du treng ikkje grunngi retur, men me set pris på å få vite årsaka. Returfrakt betalast av den som returnera vara. Når retur er motteke og kontrollert, vert di innbetaling tilbakeført til deg.

Smittevern
Me er no i ei tid der smittevern er viktig. Mango Design tilbyr derfor ei moglegheit der du kan få pakken levert til deg i bil utanfor lokalet. Om du vel "Hente i Sogndal" kan du etter to dagar kome til vår butikk, i opningstidene, og få pakken levert til deg i bil utanfor Parkvegen 5. Ring på tlf. 40241152 og avtal slik henting, og gi beskjed på same nummer når du er på plass. Ta alltid kontakt om du har spesielle ynskje/behov, so finn me ei løysing.

 

Mango Design AS 2021