OM OSS

Mango Design - for damer flest i 29 år

Ein spennande klesbutikk med ei eksotisk historie og ei fargerik dame i front….!

 

Denne spennande butikken i underetasjen av Gjensidigebygget midt i «Fjørao» i Sogndal sentrum, framstår idag som ein koseleg nisjebutikk med oppdaterte moteklede for damer flest.

Men slik har det ikkje alltid vore. Den spennande historia til butikken starta med at Tove Ness, som idag er eigar av Mango Design, gjekk på universitetet i Oslo, og tok spansk forkurs i unge dagar. Der vart ho anbefalt å reisa til Mexico eller Guatemala, for å læra meir spansk. Tove, som var ung og eventyrlysten, og aldri hadde vore utanfor Europa, greip sjansen og reiste til Mexico.

Her møtte ho Mango, som etter kvart vart mannen hennar. Han laga smykker i sølv, og anna lokalt handverk, og Tove solgte smykkene hans på gata ilag med lokalbefolkninga.

To år etterpå hadde Tove og Mango flytta heimatt til Sogndal, og i 1993 opna dei butikken - oppattkalla etter mannen hennar - Mango, i det koselege huset i Gildevangen 2. Her solgte dei eksotiske produkt, som utskårne masker frå Afrika, kaffi frå Mexico og Guatemala og handlaga smykker i sølv, samt lokalt handverk. Dei starta med fairtrade-produkt, kjøpte store sarongar, og Mango sat inne i butikken og laga smykker. Dei måla huset i all slags fargar, og vart kalla «Fjøra`s Exoticum».

Midt i denne spennande historieforteljinga, kjem Hedda Bremer Christensen og Toril Einarsen inn i butikken. Hedda bur i Bergen og kjem frå Bærum, men ættar frå Hafslo. Toril Einarsen bur i Balestrand og kjem frå Sotra. Dei er faste kundar på butikken til Tove, og kjem eins ærend til Sogndal for å handla på Mango.

Etter kvart vrimler det av damer i alle variantar og fasongar i butikken. «Livsfarleg butikk - eg skulle ikkje ha nokonting», høyrest det frå eit hjørne….i eit anna hjørne står Anne Berit Strømmen Strand, som ikkje har tid til å vente på at det skal bli eit ledig prøverom.

Intervjuet vart sett på vent, for no er det reine jentekvelden på Mango. Fargerike kjolar, tøffe skjørt, Magic-bukser, flotte tunikaer og caprybukser blir prøvde i fleng, medan latteren og «kaklinga» høyrest langt ut på gata. Ei heilt elektrisk stemning blant damer frå heile Sogn, Leikanger, Balestrand, Hafslo, Bærum, Valdres og Nordfjord. Og Tove alltid like smilande og profesjonell, medan ho hjelper damene i prøverommet og ekspederer i kassa nesten på same tid.

Tove fortel om store endringar sidan oppstarten i 1993, då dei starta butikken. Det dei hadde av varer den gongen, var det ikkje muleg å kjøpa andre stader. Det var ikkje netthandel, og folk måtte møta fysisk opp i butikken for å handle.

Men i dag har Mango design også nettbutikk, mangodesign.no.

Tove har alltid likt å ha masse varer i butikken, så varelageret er alltid stort. Ho presiserer at dei faste, nære kundane er kjempeviktige for ho, og at ho også tykkjer det er stas at det kjem folk langvegs frå for å handle på Mango. Ho ser fram til ein spennande sommar, og ønskjer alle velkomne innom butikken.



Bjørg Kjos-Wenjum
Journalist

Sommar AVISA 2022
Firda Tidene